Årsmøtedokument 2024
Publisert
13. mars 2024
Vedlagte filer
Image
Til medlemmer i Volda NTN Taekwon-Do klubb,
Styret viser til innkalling til årsmøte publisert på klubbens heimeside 20. februar 2024. Årsmøtet vert heldt onsdag 20. mars 2024 kl. 19:00 - 20:00 på auditorium BK159 i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. Vegskildring til møtelokalet finn du her: https://link.mazemap.com/T5T6msIJ
Dokument til årsmøtet er vedlagt som PDF-fil. Under følger saklista for årsmøtet:
- Godkjenne dei stemmeføre medlemmene.
- Velje dirigent(ar).
- Velje protokollførar(ar).
- Velje to medlemmer til å underskrive protokollen.
- Godkjenne forretningsorden.
- Godkjenne innkallinga.
- Godkjenne saklista.
- Behandle idrettslagets årsmelding.
- Behandle idrettslagets rekneskap.
- Behandle forslag og saker.
- Behandle idrettslagets lov.
- Fastsette medlemskontingent og treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsette treningsavgifter.
- Vedta idrettslagets budsjett.
- Behandle idrettslagets organisasjonsplan.
- Val av
a. styre med leiar, nestleiar og eitt styremedlem.
b. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledd idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane.
c. eventuelt andre val jamfør idrettslagets organisasjonsplan.
Ved spørsmål om årsmøtet, kan klubben kontaktast på post@voldatkd.no. Vel møtt!
Med sportsleg helsing
Styret i Volda NTN Taekwon-Do klubb
Elisa Hansen, Preben Andre Eikrem, Maila Hochstrat