Årsmøte 2024
Volda NTN Taekwon-Do klubb kallar med dette inn til årsmøte 2024.
Årsmøtet vert heldt på auditorium BK159 på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda, onsdag 20. mars kl. 19:00 - 20:00.
Fullstendig sakliste og årsmøtedokument vert publisert på våre heimesider seinast ei veke før årsmøtet.
Oppdatering: Sakliste og årsmøtedokument er publisert her.
Har du eit forslag eller ei sak du ønsker skal behandlast på årsmøtet? Send i så fall ein e-post til styret på post@voldatkd.no innan 6. mars.
For å oppfylle krava til stemmerett og valbarheit ved årsmøtet, må ein ha fylt 15 år i løpet av kalenderåret, ha vore medlem av klubben i minst ein månad og ha gjort opp dei økonomiske forpliktingane sine til klubben.
Vi håper så mange som mogleg kan delta på årsmøtet. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål! :-)
Vegskildring til møtelokalet finn de her: https://link.mazemap.com/T5T6msIJ.
Med sportsleg helsing,
Styret i Volda NTN Taekwon-Do klubb