Fritidskonto for barn og unge

Er du eller familien din i ein økonomisk situasjon som gjer det vanskeleg å prioritere fritidsaktivitet? Då er fritidskonto for deg!

Volda NTN Taekwon-Do klubb er ein del av fritidskonto-ordninga hos Volda kommune. Ein kan dermed søke om støtte til t.d. treningsavgift, støtte til utstyr, eigenandel, reise, opphald og måltid i samband med deltaking på meisterskap eller reiser i regi av klubben. Støtte vert gitt til for eit formål i året, og er avgrensa til maks 2.000,-.

Støtte vert gitt til barn/ungdom frå det året det tek til på skulen og ut det året det fyller 18. Allereie betalte utgifter vert ikkje refundert.

Støtte frå fritidskonto kan givast på to måtar, og same søknadsskjema skal nyttast til begge:

  • Ved at Volda NTN Taekwon-Do klubb søker på vegne av navngitte barn. Støtte vil då verte overført direkte til klubben. Ta kontakt på elisa@voldatkd.no om du ønsker at klubben skal søke for ditt barn.
  • Til det einskilde barnet/ungdomen gjennom å opprette brukar på www.volda.friskus.com. Faktura skal då betalast gjennom Friskus etter at kontoen er fylt på. Klubben sin Friskus-profil finn du her.

Ver tydeleg på hva du søkjer om og kva det kostar. Ved søknad om å få dekt treningsavgift, kontingent mm. må vi ha eksakte beløp.

 

Meir informasjon:

 

Spørsmål?

Kontaktperson hos Volda NTN Taekwon-Do klubb:
Elisa Hansen, elisa@voldatkd.no, 45501156

Kontaktperson hos Volda kommune:
Astrid Gjersdal, astrid.gjersdal@volda.kommune.no, 91725639

 

"Friskus Volda"