Rent Idrettslag

Volda NTN Taekwon-Do klubb er sertifisert som eit Rent Idrettslag.

Som Rent Idrettslag har vi eit særskilt ansvar for å spreie gode haldningar og kunnskap om antidoping gjennom tydelege mål og handlingar. Vi skal saman ta ansvar for idrettslaget sitt haldningsskapande arbeid, lage og gjennomføre ein målretta handlingsplan, og jobbe for eit sunt og dopingfritt miljø.

Ein del av denne handlingsplanen er å gjennomføre kurset Ren Utøver.

Alle medlemmene våre frå det året dei fyller 15 år, i tillegg til alle instruktørar og styremedlemmer, skal ta dette kurset. Det tek ikkje lang tid! 🙂

NB: Hugs å velje «Kampsportforbundet» under forbund når du opprettar brukar.

Ren Utøver er eit e-læringsprogram for idrettsutøvarar og støtteapparat, oppdatert i samsvar med antidopingregelverket som gjeld frå 1. januar 2015. Gjennom 5-6 korte opplæringsmodular på 3-4 minutt lærer du det viktigaste innan antidoping.

Kvar modul er bygd opp med video, oppgåver og fakta. Du treng ikkje fullføre alle modulane på ein gong. Programmet hugsar kva du har gjennomført frå før.

Når du har fullført alle modulane, får du eit diplom for gjennomført program tilsendt på e-post.

Du får òg moglegheit til å sende dette direkte til klubben for registrering. Skriv inn e-postadressa jon@voldatkd.no under Videresend kursbevis og klikk Send.

Lukke til med gjennomføringa av Ren Utøver!