Medlemskap og prisar

Følgande prisar gjelder for trening i Volda NTN Taekwon-Do klubb.

Treningsavgifta betalast månadleg via Vipps. Den er basert på ei årleg avgift som er delt i 12 like delar, og inkluderer administrative gebyr. Treningsavgifta gjelder per medlem. Ved innmelding har klubben bindingstid på to månader, og én månads oppseiingstid ved utmelding. Medlemskontingenten betalast separat med eit eiget trekk på hausten.

Barn - t.o.m. 12 år
(går på barneskulen)

Ordinær: kr. 250,- pr. mnd.
Familie: kr. 225,- pr. mnd.
 

Ungdom - 13-15 år
(går på ungdomsskulen)

Ordinær: kr. 275,- per mnd.
Familie: kr. 250,- per mnd.
 

Voksne - 16 år +
(ferdig med ungdomsskulen)

Ordinær: kr. 300,- per mnd.
Familie: kr. 275,- per mnd.
Student: kr. 275,- per mnd.

Medlemskontingent
Medlemskontingenten er kr. 200,- per år.

Betaling av medlemskontingenten skjer via Vipps-trekk i medlemssystemet.

Kontingent og treningsavgift inkluderer mellom anna:

  • Trening og leige av lokale
  • Skade- og ulykkesforsikring
  • Medlemskap i Volda NTN Taekwon-Do Klubb
  • Medlemskap i NIF (Norges Idrettsforbund)
  • Medlemskap i NKF (Norges Kampsportforbund)
  • Medlemskap i NTN (National Taekwon-do Norway)
  • Medlemskap i ITF (International Taekwon-Do Federation)
  • Kun autoriserte trenarar (I NIF, NKF og NTN)

For meir informasjon om skadeforsikringa sjå samlesidene under "Medlemsinfo". Forsikringa gjelder skadar som skjer frå eller til, og på treningane. Ved skade er det nødvendig og pliktig å seie ifrå til instruktør.

Familierabatt
Kvifor ikkje trene sjølv når barnet trener? Familie definerast som ektefelle, søsken, foreldre og barn i same husstand. Det er viktig å informere medlemsansvarleg om det er fleire i husstanden som trener, slik at treningsavgifta blir riktig.

Vilkår
Medlemskapet gjelder frå då signert klubbkontrakt er innlevert til klubbleiinga. Bindingstid 2 mnd. Oppseiingstid 1 mnd.

Ønsker du å avslutte ditt medlemskap i Volda NTN Taekwon-Do Klubb sender du inn utmeldingsskjema her.

Utøvarar som ikkje har betalt treningsavgift innen fristen kan nektes trening.

Gradering
Gradering skjer tre gonger i året: jul, påske og sommar.
Graderingane kostar kr. 350,- pr. gradering for kvitt-raudt belte.

Ein kan óg gradere seg på sommarleir, som haldast i Surnadal kvart år. Det får du informasjon om på NTN sine sider. Dette anbefalast på det sterkaste og er ein knallsuksess i NTN!

Utstyr
Når ein startar treng ein følgande utstyr: Drakt, belte og pensumbok. Du kan bestille dette hos oss ved innmelding!

Etter ein har trent i ca. 1-2 år må ein ha sparringsutstyr som kostar frå ca. 2 000 kroner, avhengig av storleik og kvalitet på utstyret. Du kan bestille dette ved å ta kontakt med din instruktør.

Utstyr kan fåast kjøpt direkte hos NTN Shop. Klubbens Vipps-nummer for enkeltkjøp er 791638.

Vi trener berrføtt, så sko treng ein ikkje.

NB! Det takast atterhald om prisendringar.

Bilete og film

Volda NTN Taekwon-Do klubb følger Norges Idrettsforbunds rettleiingar for bilete og film. I den samanheng sett vi stor pris på om du som medlem fyller ut samtykkeskjemaet her:

Samtykkeskjema for bilete og film