Klubben sin kolleksjon finn du hos Trimtex!

Klikk her for å melde interesse for neste bestillingsrunde!

Bestillingsvindauget er no stengt. Du kan registrere kva plagg du ønsker til neste bestillingsrunde ved å trykke på knappen over.

 

Klubben tar ei samlebestilling, slik at klubbkleda blir levert på trening.

NB: Bestiller du direkte via nettbutikken kjem fraktkostnadar i tillegg og bestillinga vil bli levert til di adresse.

Heile kolleksjonen med bilde og storleiksguide finn de her her: 
https://shop.trimtexcustom.no/collections/teamstore-voldataekwondoklubb-2401.

Kleda blir spesiallaga for oss, og kan bestillast via samleskjema eller direkte i nettbutikken klubben har hos Trimtex. Kolleksjonen inneheld av jakke, hettejakke, t-skjorte, shorts og bukse, og kleda blir levert i storleikar frå 130 cm til 6XL. 

Vel «Logg inn» om du allereie er registrert som brukar på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gong du bestiller. På mobil må ein scrolle litt nedover på sida for å finne desse to alternativa. Om du skulle komme bort frå sida, kan du logge inn med teamkode: voldataekwondoklubb-2401

Er du usikker på kva storleik du skal velje, sjå informasjonsfilm her: https://trimtex.no/no/fitle/Fitle.html

OBS! Kleda kan vere litt små i storleiken, så gå gjerne opp ein storleik om du er i tvil. 


Du skal få ein ordrestadfesting når din ordre har gått gjennom. Vi tilrår å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt.

Trimtex gir deg her ein rask innføring i korleis du loggar deg inn og handlar i nettbutikken: https://www.youtube.com/watch?v=_AaRMLfgSTA

Om de har problem med å logge inn, eller andre spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med Trimtex enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.

Prisliste

Volda NTN Taekwon-Do klubb subsidierer deler av prisen på klubbkleda. Følgande prisliste gjeld bestillingar i 2024 (senior/junior):

Performance 2.0 Jakke kr. 850 / kr. 750

Flex 3.0 Hoodie kr. 850 / kr. 750

Free T-skjorte kr. 300 / kr. 250

Adapt 2.0 Shorts kr.500 / kr. 450

Adapt Bukse TX kr. 700 / kr. 600