Årsmøte 2026

Publisert
11. februar 2026
Bilde

 

Volda NTN Taekwon-Do klubb kallar med dette inn til årsmøte 2026.

Årsmøtet vert heldt onsdag 11. mars kl. 18:00 - 19:00 i sosialt rom i 2. etasje ved Volda Campus Arena.

Fullstendig sakliste og dokument vert publisert på heimesidene våre seinast ei veke før årsmøtet.

Har du eit forslag eller ei sak du ønsker skal behandlast på årsmøtet? Send i så fall ein e-post til styret på post@voldatkd.no innan 25. februar.

For å oppfylle krava til stemmerett og valbarheit ved årsmøtet, må ein ha fylt 15 år i løpet av kalenderåret, ha vore medlem av klubben i minst ein månad og ha gjort opp dei økonomiske forpliktingane sine til klubben. 

Vi håper så mange som mogleg kan delta på årsmøtet. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål! :-)

Med sportsleg helsing,
Styret i Volda NTN Taekwon-Do klubb
Elisa Hansen, Thomas Meier Fiskerstrand, Preben Andre Eikrem og Elin Kalvatn Moe