Julegradering 2025
Vi inviterer til julegradering 2025!
KVITT – GULT – GRØNT – BLÅTT
Program: Laurdag 29. november
Kl. 12:00 - 13:00: Barn 1 - Kvitt belte
Kl. 13:15 - 14:15: Barn 2 - Gult belte
Kl. 14:30 - 17:00: Ungdom og vaksne - Kvitt-Blått belte
Eksaminator: Jon Olav Kvalsund, 4. Dan
Stad: Volda Campus Arena, Aktivitetssal 1
RAUDT – SVART
Program: Søndag 23. november i Ålesund
Sjå meir informasjon her
Kl. 11.00 - 14.00: Raudt belte
Kl. 14.00 - 18.00: Svart belte + kandidatar til 1. Dan
Eksaminator: Ronny Flacké Eidsvik, 6. Dan
Stad: Speilsalen ved Larsgårdshallen, Ålesund
Hugseliste til gradering:
- Påmelding skjer når ein betaler graderingsavgiften til klubben.
- Gradering kostar kr. 350, og Vipps-krav blir sendt ut i forkant. Denne må vere betalt før ein kan delta.
- Alle som skal opp til gradering må ha fått klarsignal frå instruktøren sin.
- Møt opp i god tid, seinast 15 minutt før graderinga startar.
- Møt i rein og pen drakt.
- Klipp negler på fingrar og tær.
- Hugs sparringsutstyr for de som har dette på pensum.
- Les teori!
- Ver stille og vis respekt for dei som er oppe til gradering.
- Familie og venner er hjarteleg velkomne til å sjå på!
- Belte og pensumbok kan ein kjøpe frå klubben når graderinga er ferdig.
Vi ønsker dykk lykke til med førebuingar og gradering! Ta gjerne kontakt med oss om de lurer på noko! :-)
Juleferie og treningsstart etter nyttår
Treningane held fram som normalt etter gradering. Siste veke med trening før jul er veke 51.
Oppstart etter nyttår:
Barn 1 - Kvitt belte: Torsdag 8. januar
Barn 2 - Gult og grønt belte: Tysdag 6. januar
Ungdom/Vaksne Kvitt-Grønt: Tysdag 6. januar
Ungdom/Vaksne Blått-Svart: Måndag 5. januar