Påmelding til Nordvest Meisterskap i Molde

Molde Taekwon-Do klubb inviterer til treningssamling, kadettmeisterskap og Nordvest Meisterskap helga 20.-21. september 2025.
Tar du utfordringa? Bli med!
Påmelding til Nordvest Meisterskap og treningssamling skjer her!
Påmelding til Kadettmeisterskap skjer her!
Offisiell invitasjon til meisterskapet finn du her!
Påmeldingsfrist er 12. september
Treningssamling:
Laurdag 20. september blir det treningssamling for alle ungdom/vaksne f.o.m. fylte 12 år. Samlinga blir i Idrettens hus, kl. 12.00-15.00.
Kadettmeisterskap:
Kadettmeisterskapet laurdag 20. september er opent f.o.m. det året ein fyller 10 år og har gult belte, og dei kan konkurrere i både mønster og sparring.
Nordvest Meisterskap:
Nordvestmeisterskapet søndag 21. september er opent for junior, senior og veteran f.o.m. det året ein fyller 13 år og har bestått ei gradering. Ein kan ta del i mønster, sparring, spesialteknikk og knusing (+18 år).
Bli med Team Volda på ei lærerik og spennande helg!