Treningstilbud i sommar!
Publisert
20. juni 2025
Bilde

Vil du trene i sommar? Då har vi ei gladnyheit!
Klubbane i Ålesund og Haram inviterer medlemmar frå alle sunnmørsklubbane til sommartrening!
🔹 Ålesund Folkehøgskule
Når: Fritrening tysdagar kl. 18:00-20:00 på desse datoane: 24. juni, 1. juli, 8. juli, 15. juli og 22. juli
Kven: For alle juniorar og seniorar uansett grad, og barn med blått belte eller høgare grad
🔹 Gomerhallen, Skodje
Når: Fritrening torsdagar kl. 18:00-19:00 på desse datoane: 3. juli, 10. juli, 17. juli, 24. juli og 14. august
Kven: Her er alle velkomne, uansett alder og grad!
Dette er ei super moglegheit til å halde treninga ved like gjennom sommaren og møte nye TKD-venner! 🥋
God sommar og god trening!