Sommargradering 2025

Publisert
18. mai 2025
Bilde

Vi inviterer til sommargradering 2025!


KVITT – GULTGRØNT BLÅTT

Program: Laurdag 14. juni
Kl. 12:00 - 13:00: Barn 1 - Kvitt belte
Kl. 13:00 - 14:00: Barn 2 - Gult belte
Kl. 14:00 - 16:30: Ungdom og vaksne - Kvitt-Blått belte

Eksaminator: Jon Olav Kvalsund, 4. Dan
Stad: Volda Campus Arena, Aktivitetssal 1


RAUDT SVART

ProgramSøndag 1. juni i Ålesund

Kl. 12.00 - 14.30: Raudt belte
Kl. 14.30 - 17.00: Svart belte + kandidatar til 1. Dan

Eksaminator: Ronny Flacké Eidsvik, 6. Dan
Stad: Speilsalen ved Larsgårdshallen, Ålesund


Hugseliste til gradering:

  • Påmelding skjer når ein betaler graderingsavgiften til klubben.
  • Gradering kostar kr. 350, og Vipps-krav blir sendt ut i forkant. Denne må vere betalt før ein kan delta.
  • Alle som skal opp til gradering må ha fått klarsignal frå instruktøren sin.

 

  • Møt opp i god tid, seinast 15 minutt før graderinga startar.
  • Møt i rein og pen drakt.
  • Klipp negler på fingrar og tær.
  • Hugs sparringsutstyr for de som har dette på pensum.
  • Les teori!

 

  • Ver stille og vis respekt for dei som er oppe til gradering.
  • Familie og venner er hjarteleg velkomne til å sjå på!
  • Belte og pensumbok kan ein kjøpe frå klubben når graderinga er ferdig.

 

Vi ønsker dykk lykke til med førebuingar og gradering! Ta gjerne kontakt med oss om de lurer på noko! :-)

 


 

Sommarferie og treningsstart etter sommaren

Siste trening før sommaren:

Barn 1 - Kvitt belte: Torsdag 12. juni

Barn 2 - Gult belte: Tysdag 10. juni

Ungdom/Vaksne: Tysdag 17. juni

 

Oppstart etter sommaren:

Barn 1 - Kvitt belte: Torsdag 21. august

Barn 2 - Gult og grønt belte: Tysdag 19. august

Ungdom/Vaksne Kvitt-Grønt: Tysdag 19. august

Ungdom/Vaksne Blått-Svart: Måndag 18. august