Bli med Volda NTN Taekwon-Do klubb i 17. mai-toget!

Publisert
23. april 2025
Bilde
17. mai

 

Vi inviterer alle medlemmar – barn, ungdom og vaksne – saman med familie og vener til å gå i folketoget på nasjonaldagen saman med Volda NTN Taekwon-Do klubb! Dette er ei flott anledning til å vise fram klubben vår, samhald og ikkje minst litt av det vi driv med!

Oppmøtestad: Steinrøysa ved Volda vidaregåande skule. Vi møter ved plass 4, sjå etter klubben sitt flagg!
Oppmøtetid: kl. 15:30 (salutt og toget går kl. 16:00)

 

  • Utøvarar møter i Taekwon-Do-drakt og joggesko. Kle deg gjerne etter vêret under drakta.

  • Familie og vener stiller i finstasen og godt humør!

 

Dei som vil, får høve til å vise fram spark, mønster, sparring eller knusing (vaksne) medan vi går i toget. Klubben stiller med targets og plankar, og planlegging av aktivitetar skjer på trening.

 

Påmelding innan 14. mai! Vi vil gjerne vite kven som blir med – meld deg på her: https://forms.office.com/e/knPd3zwuKM

 

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål! Vi gler oss til å feire dagen saman med dykk!

 

Volda - Program 17. mai 2025