Påskegradering 2025
Publisert
7. februar 2025
Bilde

Vi inviterer til påskegradering 2025!
KVITT – GULT – GRØNT
Program: Torsdag 20. mars
Kl. 18:00 - 18:45: Barn 1 (Kvitt belte med ingen, ein eller to stripar)
Kl. 18:45 - 19:30: Barn 2 (Kvitt belte med tre stripar og alle med gult belte)
Kl. 19:30 - 21:00: Ungdom og vaksne med kvitt, gult og grønt belte
Eksaminator: Ronny Flacké Eidsvik, 5. Dan
Stad: Volda Campus Arena, Aktivitetsrom 1
Hugseliste til gradering:
- Påmelding skjer når ein betaler graderingsavgiften til klubben. Gradering kostar kr. 350,-, og betalingskrav blir sendt ut i forkant via e-post.
- Møt i rein og pen drakt,
- Møt opp i god tid, seinast 15 minutt før oppstart,
- Klipp negler på fingrar og tær,
- Hugs fullt sparringsutstyr for dei som har dette på pensum,
- Les teori!
- Vær stille og vis respekt for dei som er oppe til gradering,
- Familie og venner er hjarteleg velkomne til å sjå på graderingane!
Vi ønsker dykk lykke til med førebuingar og gradering! Ta gjerne kontakt med oss om de lurer på noko! :-)