Årsmøte 2025

Volda NTN Taekwon-Do klubb kallar med dette inn til årsmøte 2025.
Årsmøtet vert heldt onsdag 5. mars kl. 18:00 - 19:00 i sosialt rom i 2. etasje ved Volda Campus Arena.
Oppdatering: Fullstendig sakliste og saksdokument finn du her!
Oppdatering 2: Signert årsmøteprotokoll finn du her!
Har du eit forslag eller ei sak du ønsker skal behandlast på årsmøtet? Send i så fall ein e-post til styret på post@voldatkd.no innan 19. februar.
For å oppfylle krava til stemmerett og valbarheit ved årsmøtet, må ein ha fylt 15 år i løpet av kalenderåret, ha vore medlem av klubben i minst ein månad og ha gjort opp dei økonomiske forpliktingane sine til klubben.
Vi håper så mange som mogleg kan delta på årsmøtet. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål! :-)
Med sportsleg helsing,
Styret i Volda NTN Taekwon-Do klubb
Elisa Hansen, Preben Andre Eikrem, Thomas Meier Fiskerstrand