Oppstart hausten 2024

Submitted by
Jon Olav Kvalsund
Publisert
7. august 2024
Image

 

Eit nytt treningssemester er rett rundt hjørnet, og vi gler oss til ein spennande haust med Taekwon-Do!

Oppstart for alle parti blir i veke 34, og vi inviterer til nybegynnarkurs for alle aldersgruppar! Sjå treningstider her.

  • Nybegynnarkurs for ungdom og vaksne har oppstart tysdag 20. august kl. 19:00.
  • Nybegynnarkurs for barn har oppstart torsdag 22. august kl. 18:00.

Meld deg på for gratis og uforpliktande prøvetid her!

Ta med ein venn og bli med! :-)

 

NB: Utøvarar som byrjar på ungdomsskulen til hausten, byter gruppe til "ungdom/vaksne".