Sommeravslutning for barnepartia!

Submitted by
Jon Olav Kvalsund
Publisert
15. juni 2024
Image

Bading

No er det snart på tide med sommaravslutning for barn!

Med dette inviterer vi barnepartia til sommaravslutning på Sunnmørsbadet (Fosnavågen) tysdag 18. juni kl. 18:00-19:30! Klubben dekker inngang til svømmehallen.

Påmelding skjer ved å sende ei melding til Elisa på tlf: 455 01 156 seinast søndag 16. juni. Skriv namn på barn/barna i meldinga.

Kan alle føresette som har høve til å køyre skrive kor mange dei har plass til i bilen i medlemsgruppa vår på Facebook? Då kan føresette som ikkje har høve til å bli med avtale med desse.

Medlemsgruppa vår på Facebook finn du her! 

Dette blir siste aktivitet for barnepartia før klubben tar sommarferie. Oppstart blir i veke 34 til vanleg treningstid.

Ta gjerne kontakt på 455 01 156 om de har spørsmål!

Vi gleder oss!