Snart juleferie!

Submitted by
Jon Olav Kvalsund
Publisert
13. desember 2023

Klubben tar snart juleferie, og siste treningsdag før jul blir tysdag 19. desember.

Oppstart for alle partier etter nyttår blir i uke 2 (tysdag 9. januar torsdag 11. januar). 


Frist for bestilling av klubbkle

Fristen for å bestille klubbkle er søndag 17. desember. Informasjon om kolleksjonen og bestilling finn de her: https://voldatkd.no/node/19406.


Nissetrening på barnepartiet

Tysdag 19. desember blir det nissetrening for barna til vanleg treningstid! Møt i Taekwon-Do-drakt og nisselue og bli med på ei kjekk trening! Gi beskjed om nokon har allergiar eller intoleransar. 


Juleavslutning for ungdom/vaksne

Torsdag 21. desember samlast ungdom/vaksne-partiet på Marias restaurant i Volda for ein sosial kveld med god mat. Klubben har bestilt bort frå kl. 19:00. Gi beskjed til Jon eller svar i Facebook-gruppa om du blir med eller ikkje. 


Barnepartiet frå nyttår (Oppdatert 20. desember)

Barnepartiet begynner å bli stort og vi ønsker å legge best mogleg opp til dei ulike pensuma og oppfølging av barna. Derfor har klubben beslutta å dele partiet i to, med ei gruppe på tysdagar og ei gruppe på torsdagar. Vi vil hovudsakelig følge denne inndelinga:

  • Tysdagar kl. 18:00 - 19:00: Barn kvitt belte 1-3 striper
  • Torsdagar kl. 18:00 - 19:00: Barn kvitt belte 0-1 striper


Dette blir ei prøveordning fram til påskegraderinga, og vi håpar denne inndelinga passar for dei fleste. I overgangen må dei som har ei stripe på kvitt belte altså velge kva parti dei ønsker å trene på, og ein kan berre tilhøyre eit parti fast. Om den dagen de er satt opp på ikkje passar, er det berre å ta kontakt.


Tusen takk for eit flott Taekwon-Do år!

Vi ønsker både medlemmar, føresette og støttespelarar ei God Jul og eit Godt Nytt År, og vi ser fram til eit fantastisk 2024!